Tv-stue og kontor
(Bildet er tatt då dei forrige eigarane budde her).
Me pussa den gongen opp heile 2. etasje og leigde ut i mange år.
Dei siste åra har me brukt heile huset sjølv og dette rommet har vore tv-stue.
No er det tid for oppussing. Alt var platebelagt så rommet blir no ribba.
Det gamle parkettgolvet vart lagt i 50-åra, men underlaget er for dårleg.
Det var litt trist å bryte opp tjukk og massiv eikeparkett…
Av og til får me hjelp av våre eigne. Det varer ikkje så lenge i slengen, men det er brutalt og effektivt
så lenge det står på. Give me more.
Vårtegn i Amund Tvetens veg.
Takplatene kunne omtrent berre løftast ned. Ingen overraskelser bak platene, berre eit løfte
om mykje arbeid. Lite skader, lite råte. Dette blir bra.
Ikkje så enkelt på veggane, lag på lag med plater, strie og tapet…
Malt jute innerst, vart brukt på både veggar og tak.
Denne farga har vorte mykje brukt i huset ellers og…
….og at eg ein gong måla med ei tilnærma farge i trappeoppgangen som fører opp til denne stua
er eigentlig heilt tilfeldig. Brannmuren som bekrefta fargesettinga vart avdekka etterpå.
Dette er ein fargepalett som har vore retningsgivande for mange av fargevalga me har tatt.
Her kan ein sjå noko av det me kunne merke gjennom eikeparketten, gamle vatnskader.
Det var nok ganske vanleg i desse gamle husa med spisse takvinklar og gradrenner her og der.
Her har det også vore ei rominndeling me ikkje ante noko om….
….og som me finn att spor av i taket.
Dette er ulempa med å bu i eit restaureringsprosjekt og jobbe gradvis.
Me tolkar og finn løysingar undervegs, som ikkje alltid var riktige. Når så andre rom er ferdige og
mange beslutningar er tatt, dukkar informasjon opp som det blir litt håplaust å forhalde seg til.
Fordi me har tre nyoppussa rom omkring denne gangen kan me ikkje gjera anna enn å
hoppe over tanken om å sette opp att desse veggane slik dei eingong har stått.
Me er altså ferdig med å rive tak og veggar. Det gamle parkettgolvet var flott og kunne nok slipast, men det var svikt enkelte stader og overgang til vinyl mot gangen. Me reiv opp flotte parkettstavar og fleire lag belegg, gamal isolasjon av sagflis og nokre rottelik….
Golvet blir retta opp…
…isolert og det blir lagt på nye sponplater. Den gamle inngangen til Frøydis sitt rom (som hadde vorte opna i nyare tid, og som forringa begge romma) er no tetta att.
Kjell er her ferdig med å legge golvplater. Den plastlagte veggen er opningen mot gangen og trappa. I denne gangen har me inngang til bad og Frøydis sitt rom, samt ein svalgang i enden. Til høgre ser du inngangen til Jakob sitt rom. I hjørnet ved denne døra skal det bli kontorplass, skal tru kor gjennomtenkt det er? Slik eg kjenner ungdommar og deira evne til å okkupere terreng med største sjølvfølge, så kjem vel våre pc-ar til å slenge rundt nede (i sofaen) akkurat som før.
I denne nisja har eg hatt kontorplass, men no ser me at det ikkje har vore ei nisje (sjå taket).
Det var ein veldig trivelig arbeidsplass, kjekt å kombinere ei tv-stue med eit par kontarpultar,
men dette blir for mykje mikk. No rettar me ut veggen og slepp å skøyte takbord.
I kneveggen er det no to døråpningar, i veggen til høgre er den gamle inngangen til Frøydis sitt rom.
Då me pussa opp hennar rom oppdaga me at den opprinnelege inngangen var frå gangen.
Å tette denne døra gjer stua til eit heilare rom, det er dessutan ein god følelse å rette opp alt som
bringer oss eit skritt nærare det originale.
Her skal det kome bilder av golvlegging, men inntil vidare kjem det nokre takbilder:
Taket såg, som nevnt, ut til å vera i god forfatning…
…men det var litt meir utfordring etterkvart som me såg betre etter. Det er heilt vanleg det.
Dette holet er vanskeleg å reparere. Isolasjonen som ligg over har nyleg borte blåse inn, så den dryss lett ned hvis me begynner å sage for å felle inn nytt treverk. Perlestaff blir produsert i dag òg, så det er ikkje vanskeleg å bygge i rett tidsånd, men breiddene er annleis og det gjer innfelling til eit plunder. Me kjem til å legge ny perlestaff over heile denne, avgrensa delen av taket (som er ein liten gang).
Her var det berre å fylle på med acrylmasse og etterkvart med sparkel. Når dette går i oppløysing, bur ikkje me her lenger…
Først eit strøk med Kvist-og sperregrunning, så 2-3 omgangar med sparkel. Eg grunnar ein gong til etter at all pussinga er ferdig…
…så er det 2 strøk med maling (Lady Supreme Finish, vatnbasert, lys antik)
Veeldig fornøgd med dette hjørnet.
Kongen på haugen…lære seg å dvele litt ved sjølve gromfølelsen…tida frå siste penselstrøk til ein set på lokket og går for å skylle.
La meg starte med tapeten, den vart valgt etter innspel med premiering her på bloggen. Det er Borge Carmaque, vinyl. Ein rimeleg og slitesterk tapet.
Stemninga er anspent allereie ved frokostbordet. Så presterer eg å møte opp to minutt for seint..
Store mønster er større utfordringar (32 cm. rapport). Det betyr mykje svinn og stor sjanse for feilkutting. Oddsa er ikkje gode…
Arbeidet er i gang, det er tett og nært. Temperaturen er høg, men usedvanlig stabil. Ei slags rytme er i ferd med å etablere seg….
Før me veit ordet av det har me tapetsert ein heil vegg og me står no og drøftar vidare strategi…… i normalt stemmeleie…..Kva skjedde?….. For forvirra til å avslutte dette innlegget…..To continue..
Det kom fram ei fin, gamal overflate i grønturkise fargar. Men det trengtes noko flikking.
Den andre sida var det verre med. Her har det vore ikkje mindre enn tre hol til ovnsrør, dessutan umogeleg å få vekk kvitmålinga som sit på den blåe overflata. Det er også ei anna blåfarge her. Me brukar Heydi murprodukt til tetting av store skader og sprekkar. Denne mørtelen er også lett å feste i eks. eit tak. Til vanleg sparkling på ein ujevn brannmur kan ein bruke sandbasert lettsparkel. Lettsparkelen brukar eg uansett over mørtelen fordi den er finare og lettare å pusse. Det er viktig å dra av med ei sparkelplate for kvart strøk/lag så ein ikkje får unødvendig mykje pussearbeid.
Den vanskelege sida blir måla med ei heilmatt, mørk brungrå farge som eg blandar av gamle restar. Det er meininga at den skal passe til tapeten. Den grønturkise veggen fikk vaska seg litt (mykje) med eit par farger i blågrønt, som også kom til av gamle rester. På toppen eit lag med kvitt. Men det er ikkje lett å stoppe i tide, den gamle looken og slitte patinaen vart finare og finare. Til slutt var den gamle brannmuren ganske så ren og pen….Ein kant rundt i ei farge som ikkje passar for å stygge den opp litt.
Eg printar ut ein hjørnesjablon (googla og printa i 3 forskjellige storleikar og hengt opp på brannmuren for å vera sikker på dimensjonane). Eg kutta halve papirsjablonen først og teikna begge sider (speilvend), over på plast etterpå (hugs tynn, vannfast tusj). Å kutte heile mønsteret i plast etterpå = veldig kjedelig. Her kan ein sikkert gjera det litt enklare enn eg gjorde og dei kan også kjøpast ferdige. Det er også litt artig å gjera endringar slik at mønsteret blir litt ditt.
Det er absolutt best å bruke vatnbasert måling, svamp, lite måling i slengen og lette dytt. Det gjorde ikke eg (mange år sidan sist) og det vart ikkje spesielt vellykka. Det vart så mislykka at eg til slutt prøvde å vaske bort heile skiten med renseserviettar. Då forsvant all overflødig måling og sjølve mønsteret sat att, det vart berre litt slitt og såg dermed gamalt og autentisk ut…..veldig fint faktisk. Så var det om å gjera å få til dette på andre sida òg. Men den vart sjølvsagt nesten perfekt….
….så eg måtte rufse den til og prøve å få dei like…
Det lange feltet på sjablonen er ofte meint å fortsette i ein strek som du lagar med maskeringstape, gul eller blå plast. Ikkje papir, den riv så lett med seg målingsflak når den skal fjernast.
Det skal ikkje meir mønster eller farger på denne muren no, berre ei taklist som skal målast i lys antik som taket….
Men eg har jo planer om å sette inn ein gamal ovn her om ikkje altfor lenge. Eg synes ikkje gamle brannmurar berre skal stå uvirksomme….
Kanskje eit slikt klenodium må finne vegen hit?
(Dette bildet har eg funne på bloggen “Livet i Middelalderen”)
Siste finish…og det er så inni heite tidkrevande. Alltid er det ei list som treng eit ekstra strøk, alltid eit spikerhol som er gløymt.
Listene blir måla “på bakken”, men det er omtrent like mykje målararbeid att etter at dei er spikra opp fordi me fugar sprekkar og sparklar spikerhol.
Men det høver best i eit gamalt hus meiner eg, blir tett og fint.
Så vidt eg veit er desse klossane ei løysing som vart mest bruka i jugendstilen, men det er veldig praktisk og gjer det mogeleg å få til gode overgangar.
Kjells eigen “oppfinnelse”, mediavegg med innebygd skåp frå Ikea (Bestå). Her er alle boksar og ledningar skjult…
….men ingen oppfinnelse utan belistning…sukk….
Moroa kjem når maskeringstapen kan fjernast, men det er ikkje alltid det blir vellukka heller.
Det trengs alltids ei list. Her: tapet mot brannmur. Og for stakkaren som driv med snekring er det ekstra utfordrande denne gongen, han har nemleg bestemt seg for at saga skal stå ute….og det er litt langt å gå:
Først gjennom sjølve stua, så gjennom ein liten gang, så gjennom denne gamle svalgangen…
….ned denne trappa…
…den er lang og bratt…
…gjennom ein rotete gårdsplass og bort til saga. Det hender dessutan at ei list er nokre millimeter for lang…
Han er sliten, det nærmar seg lunsj og han har allerede gått fleire mil…
Men no er me nesten i mål. Enkelte ting kan ikkje vente på å bli gjort i fornuftig rekkefølgje. Å pusse dette vindauga og gje karmar og listverk eit nytt målingsstrøk kunne nesten kallast artig på dette stadiet.
Atlanta 2 frå Møblèr. Ein rimeleg sofa i eit svært slitesterkt stoff (med skinnlook, 40 000 martindales), står og ventar på lager. Me har bestilt i ei lysare farge som eg håpar passar perfekt til golvet….når me ein gong blir ferdige.
Leave a Reply