Ein fin liten tinndings var utgangspunktet

Eg var på besøk hjå Skrot-Tor….der var det utruleg mykje ….eh…..skrot! Eg bestemte meg for å ikkje gå derifrå utan noko
som magneten ikkje hang fast i. Det vart ein liten tinndings til kr. 10,-

Eg fann nokre gamle glasprismer etter ei juleutstilling i Galleri Osebro for lenge sidan. Skinn-stjerner vart sydd på med sølvtråd..

..dei vart hengt opp i sølvbelagte skinnreimer, fekk hengt på seg fasetterte glashjerter og vart festa oppunder tinn-hetta..
som har vorte utstyrt med ein lampesokkel.

Vips så vart det ei lita tinnlampe.
(Denne lampa havna hjå ein kompis då han vann lanseringsprisen då eg opna bloggen i januar 2014 …i konkurranse med…ikkje mange).
Tror du dette kan være noe for andre?
Leave a Reply