Redesign fra Sør-Afrika
(Dette innlegget handler foreløpig mest om taklampa, men vil bli et innlegg om selve stua).
Endelig fant eg ein plass til min Magpie Regency Chandelier. Denne lampa er laga av afrikanske kunstnerar og er redesign på sitt beste. Å få denne lampa i tak har vore ein lang og tung prosess (ja, det er store utfordringar i livet…)

Det har vore intern motstand (men no er han heldigvis på jobb) dessutan fann eg ikkje ut kva rom desse fargene kunne passe inn i, oransje..rosa…raudt……? Så gjekk det opp for meg at me har ei stue i gråtoner…..

Vips, så hang ho der og….eh..lyste.

Ein tur på loftet var det som skulle til for å gjenoppdage ein bortgløymd skatt som hadde venta i 5 år på å få komme fram i lyset.
Eg hadde planlagt å henge ho på Frøydis sitt rom, og eg hengte den opp der lenge før rommet var ferdig.. det vart heilt perfekt…

Men trur du den fordømrade skitungen var fornøgd?? Neida…sjølvsagt ikkje. Eg gjekk i runde ringar skuffa og forbanna. Men det var no eingong slik ho havna på stua og eg har glede av dette godteriet kvar dag.

Søppel mot gipsrosett…(Rosetten er forøvrig ikkje original, men laga av elevar ved Porsgrunn Videregående skole, etter gamal modell som dei sjølv har rekonstruert.

Bruskorkar og glasperler.

Utsøkt håndverk, mislikt av dei øvrige ignorantane i huset, refusert og gøymt bort…laga av kunstnerar frå Sør-Afrika.

Det ligg ei stor dose handarbeid i dette kunstverket.

Når ein ser bedre etter, er lampa bygd opp av meir enn glasprismer og perler. Her er bruskorkar og plaststrips,

Sherekan er med..

..spesialavfall.
Kjersti Holtar og Isandi
Det er eit solid handverk i lampene frå Magpie. Skroget er bygd opp av stål og det elektriske opplegget er solid og har europeisk standard. Første gongen eg såg desse lampene var då me i Galleri Osebro hadde ei sommarutstilling med afrikansk tema. Me kom då i kontak med Kjersti Holtar, som fleire å tidlegare hadde grunnlagt Isandi, ein flott butikk i Oslo som formidlar håndplukka varer frå håndverkerar og kunstnerar frå det sørlege Afrika.

Resirkulering er gamalt nytt for Sør-Afrikas kunstnerar. Bruskorkar og perler i fin foreining. Spesielt vellukka blir det når det også er ein gjennomtenkt fargebruk. Dette er gjennomgåande hjå Magpies lamper.
Ta en kikk på Magpies Art Collection of Regencie Chandeliers
Magpie i Det Hvite Hus
Og vet du hva!! Magpie Regency Chandelier finnes også idet hvite hus (ja, den er litt større):

Obama sendte sin interiør designer – eller what ever – gave kjøper ut på oppdrag:
“After stumbling upon some unusual pottery and a handmade wooden dining chair straight out of a Van Gogh painting, he wandered into a magical art collective shop called Magpie. “
Obama bought Magpie recycled chandelier for his daughters.

Og eg kan, strålande fornøgd, endeleg puste ut. Brikkene har kome på plass og me har fått eit lyspunkt (mildt sagt) i tilværelsen no når haustmørket senkar seg. Eg håpar at dei andre etterkvart innser dette og sluttar å væra så iherdige tilhengerar av dempa kveldsbelysning…det har dei aldri vore før.
Les meir den norske importøren Isandi.