Det skjedde ei nestenulykke…
Sanninga er at om raset hadde gått mens han sto der nede og gravde så hadde han hatt særdeles dårlige odds…
Som tidlegare nevnt må ein gå djupt nok med dreneringsrør om det skal gjeras riktig og gi full effekt. Røra skal ligga under golvplan. Men huset kviler på murane og murane kviler på bakken dei driv og grev vekk her. Sprekken oppe til høgre har fotografen tydeligvis ikkje lagt merke til. Litt seinare, under sofa-og TV-kos vart far og sønn skremt opp av bulder og brak…
Ståande nede i denne sjakta ville det ikkje vore lett og komme seg unna desse blokkane. Heldigvis fant steinane rette tidspunktet for å sleppe taket. Ikkje mykje plass å “trø unna” her…..utriveleg å tenke på korleis dette kunne gått.
Han var rask med å sette inn justerbare støtter. Greit å kunne legge seg utan redsel for at hushjørnet skulle sleppe tak i glasverandaen og sige ned ein meter.
Steinane vart lempa ut med gravemaskin og med handmakt og det vart sett opp forskaling. Aluminiumsbjelkene er flytta, står no bedre plassert der inne. Han planlegg å støype dei inn som armering (eksklusiv sådan). Det viste seg at det ikkje vart så plundrete som forventa å få bjelkane ut att og erstatta med vanleg armeringsjern (hundringsar spart). Ei rekke stokkar erstattar jernbjelkane. Me fyller opp med stein og grus før støyping, så blir synleg forskaling saga vekk til slutt.
Vanskeleg å beregne mengder frå ein diger betongbil.
No sit han slapper av i sofaen….heil og fin.
Skremmende opplevelse. Godt at det gikk bra!
Hei Hilde. Ja dette var ei påminning. Litt merkelig med akkurat han som forheldt seg til sikkerhet frå morgon til kveld på jobb.