The Steampunk Imaginarium til inspirasjon
Mine gode følgerar og mentorer Thorbjørn og Manuel sa at eg burde ta meg ein tur inn på desse nettsidene. Der fant eg mykje morosamt som var heilt i min ånd.
Fascinasjon for dampmaskina og den industrielle revolusjonen i Wild West- og Victoria-tid setting. Og kva fant eg meir:
Ein gamal kjenning som eg møtte fyrste gong under OL i Vancouver (frå sofaen)
Eg vart mållaus av denne trehytta, Free Spirit Spheres, som er noko av det kule-ste eg nokon gong har sett.
Å studere dette handverket gjer ein nesten religiøs ..
Vindu og bracket. Alt utsøkt.
Engelsk landstil oppe i trea, med eit areal som vert rekna ut med pi. På dagtid..
..på kveldstid. Før eller seinare SKAL eg ha to-tre slike kuler, eg har jo til og med ein furuskog..
Slik ser eg føre meg at det vil bli når eg ein gong importerer trehytter fra Canada.
Det blir ikkje billeg og heller ikkje plass nok i denne glisne furuskogen (rett nok vinterstid). Som far min sa:
“Det er antageleg litt andre dimensjonar på trestammene i dei canadiske skoger enn på skogane i Ål..”
Det trengs nok tre tre for å bardunere ei kule, så det greier seg nok med to..
Enn så lenge får eg halde meg til glaskuler.
Eg erkjenner at likheten er slåande, men eg trur ikkje det blir nokon plagiatskandale akkurat. (Dette er eit lampeprisme pynta med skinn og hekla. Den har ein diameter på 7 cm, berre så det er glassklart)
manuel@emanuelson.no
,)