Stakkeveske til Ålingsstakk med eget design – er det lov?
Eg sydde stakkevesker til Frøydis og min hallingstakk (dås) frå Ål. Ullstoffet er det same som i stakkane, ho har finvove ull, som i ein bunad, eg har grovare. Me valde å fôre med brokade fordi det hadde eg frå før, fargene passa med broderiet i stakkane. Frøydis ville ha stakkeveske etter oppskrift frå gommo, eg ville ha ei veske som hang i beltet og lagde ein eigen vri med skinndetaljar. Skal tru om det er “innafor”? Mønsteret er enkelt, to sider og eit langt sidestykke (som vist over, etter mål frå ei bunadsveske).
Veskene er sydd saman. Toppsaumen skal også syast med maskin, men hempa på “skinnveska” må syast på først. På mi veske er den eine sida i skinn.
Laupegangane til slutt og så to “knappehol” som syast for hand.
Hempa er avtagbar slik at veska kan brukast på gamlemåten dersom det ikkje blir så bra…
….den er festa i ei løkke som er sydd fast over laupegangen, forsterka på vranga.
Dusken vart også laga i skinn…litt skrinn.
Her ser du veska på feil stakk (forskjellige ullstoff). Å snøre veska foran vart mykje krøll…
…det er nok betre å skjule snøringa bak, evnt. byte skinnreimene ut med ein tvinna ulltråd slik skikken er.
Du er utrolig kreativ Dette ble virkelig bra
Tusen takk. Ikkje så veldig kreativt dette her, berre eit lite tillegg.
Kjempefinesånn vil jeg og ha
Det er berre å sy Vanja, det er ikkje særleg vanskeleg og ikkje så lett å sjå hvis du er litt uheldig heller.
Whoever edits and pushlbies these articles really knows what they’re doing.
Thank you so much.
I´m having a break at the moment, but will start publishing again in june.
Tone