• Hjem
  • Blogg
  • Kontakt
  • Om oss
  • Kategorier
    • Prosess
    • Interiør
    • Håndverk
    • Lamper
    • Facebook
    • Instagram
    • LinkedIn
    • Pinterest

Villa Solstua

You are here: Home / Kategorier / Foreldresoverom – prosess

Foreldresoverom – prosess

in Kategorier on 26/07/18

Oppussing av foreldresoverom i gamalt hus

Her var det mye som ikke gikk etter planen…

Her står eg og beiser den høge brystninga med kvit panelbeis….og det var det siste eg rakk før eg i hui og hast måtte til sjukehuset og Frøydis kom til verden, 6 veker før me hadde planlagt (som de kan sjå av desse bildene).

Oppussing av foreldresoverom i gamalt hus

Men det startar her i 1994. Dette er eit foto av rommet slik det såg ut då dei forrige eigarane budde her. Det var to uoriginale vindauge i rommet og taket var senka, men det var eit fint parkettgolv. Dessverre var det i dårleg stand og måtte bytast. Då me opna golvet avdekka me eit dårleg fundament og ein blindkjellar me antageleg burde grove ut den gongen (slik at me kunne unngått noko av alt slitet sumaren 2014, sjå Utgraving av blindkjeller).

Oppussing av foreldresoverom i gamalt hus

Då me reiv tak- og veggplater kom det fram ein gamal takrosett laga av glasfiber. Denne har ein gong vorte plassert her fordi dette rommet har vore ei spisestue. Grunnarbeid, bilder og kunnskap frå folk seier oss også at denne delen av huset er nyare. Det er likevel litt vanskeleg å tru når ein ser på dei eldste bileta av huset, sjå Mellomkrigstid (Det er biletet av den innbygde svalgangen som er denne delen av huset).

Oppussing av foreldresoverom i gamalt hus

Men i det gamle taket som kom fram under strietapetet, og som var måla og har vore synleg, fins det òg spor av endringar. Det kan vera etter ein trappeoppgang frå den åpne svalgangen, men det kan også vera reparasjon etter råteskader, som var vanleg i desse åpne verandaene og svalgangane i sveitserhusa.

Oppussing av foreldresoverom i gamalt hus

Då alt var rive var det avretting og isolering, denne gongen hadde me hjelp av snekkerar for no skulle me flytte på ein vegg. Me trudde at det hadde vore to krysspostvindauge her originalt og dei ville me byte ut seinare. Av ein eldre kar som budde her som liten, fekk me greie på at det berre hadde vore eitt. Det ga oss ein del ekstra arbeid seinare då me erstatta desse to med eitt. Strengt tatt hadde fasaden vorte minst like bra dersom me hadde sett inn att to krysspostvindauge i desse åpningane.

Oppussing av foreldresoverom i gamalt hus

Desse to vart me dørgande lei etterkvart. Ikkje kom dei når dei skulle…og kvar dag trengte dei å hente noko verktøy dei hadde gløymt…begge to. Og det tok tid.

Oppussing av foreldresoverom i gamalt hus

Kjell og Alfred (svigerfar) overtok arbeidet så fort dei var i stand til det. Alfred var ein gamal slugger som hadde vore på omtrent alle postar som fins innan handverksyrker.

Oppussing av foreldresoverom i gamalt hus

Alfred var til god hjelp for oss i mange år, men han vart etterkvart dårleg til beins. Det var nok berre dei første åra han kunne stå i ei gardintrapp.

Oppussing av foreldresoverom i gamalt hus

Me la nytt furugolv og dette vart olja etter alle kunstens reglar. Det gjekk ei religiøs vekkelse over landet og alle som la golv var omtrent forplikta til å oljebehandle, eik eller ikkje. Alle som dreiv målarforretning hadde vore på kurs og var så nyfrelste at det skein i augo på dei. Me som olja furugolva våre på den tida har no stygge og møkkete golv som det ikkje går an å skure. Dette er ikkje så ille fordi det er eit soverom.

Oppussing av foreldresoverom i gamalt hus

Dette er noko seinare. Her har me har bytta ut dei to vindauga og felt inn ny panel. Taklista har antageleg vore eit etterslep.

Oppussing av foreldresoverom i gamalt hus

Me måla to gamle Pax skåp frå Ikea med same fargene som elles i rommet. Desse har me enda.

Gamle Pax skap fra Ikea blir malt

Ganske fint uttapå..

Gamle Pax skap fra Ikea blir malt

…veldig fort gjort inni…

Garderobeløsning med gamle Pax skap fra Ikea

Men veldig praktisk, med ei gardinstang, billige gardiner og kurvløysing i mellom.

Vindu og fargesetting

Eg synest mørke fargar er undervurdert, veldig fint med morgonlys gjennom mørke gardiner og mørke vinduskarmar…

Oppussing av foreldresoverom i gamalt hus

Den gamle senga er ikkje akkurat moderne, men veldig solid og blir vel ståande på ubestemt tid. Med lilla gardiner fekk eg ein liten link til den rosa lasuren….

Oppussing av foreldresoverom i gamalt hus

Farga på veggane er Lys Antik. Ellers er det tre bruntoner som eg har blanda sjølv av restar frå spisestua.

Soverom etter ansiktsløft

Lampene har eg lakka med svart spraylakk, bildet er et litografi av Ørnulf Opdahl (Ibsens Rosmersholm).

Tror du dette kan være noe for andre?
  •  
  •  
  •  
  •  
  •  
  •  

Add a Comment

« Hall i jugendstil
Restaurering av biedermeier sofa »

Leave a Reply Cancel reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Fortelleren

Velkommen til Villa Solstua i Porsgrunn. Vi som bor her er Tone Oppsato, Kjell Jeilen og sønnen vår Jakob. Datteren vår, Frøydis, bor i Ålesund. Den staselige sveitservillaen som ble bygd i 1890-åra hadde et stort behov for oppgradering da vi ble eiere i 1994. Det gamle trehuset skulle bli et utrolig krevende prosjekt, men det visste vi heldigvis ikke den gangen. Det er en lang historie og den vil jeg fortelle her.

Hilsen Tone

Kategorier

Arkiv

Facebook

Villa Solstua

Villa Solstua på Instagram

villasolstua

Tone Oppsato
Det gamle badet nærmet seg 50, da kan ikke et nyt Det gamle badet nærmet seg 50, da kan ikke et nytt bad bli noe annet enn rein nytelse...
November langs kysten. Vått, grått og mørkt...e November langs kysten. Vått, grått og mørkt...eller ikke💛
Dette er en lampe som aldri blir ferdig, men som h Dette er en lampe som aldri blir ferdig, men som har skiftet skrog, så dekor, så mer dekor. Tror den er er evighetsprosjekt.
En selvlært snekker sager med stor presisjon og k En selvlært snekker sager med stor presisjon og kvaliteten på arbeidet hans har steget i takt med alderen. De første stokkene bar preg av ungt pågangsmot, stokkene han dekorerer nå er mer selvsikre❤️
Load More… Følg meg på Instagram

Copyright © 2021 · glam theme by Restored 316

Copyright © 2021 · Glam Theme on Genesis Framework · WordPress · Log in