• Hjem
  • Blogg
  • Kontakt
  • Om oss
  • Kategorier
    • Prosess
    • Interiør
    • Håndverk
    • Lamper
    • Facebook
    • Instagram
    • LinkedIn
    • Pinterest

Villa Solstua

You are here: Home / Håndverk / Lamper / Oransje smijernslampe

Oransje smijernslampe

in Lamper on 14/04/14

Oransjefluorisert og pimpa

Sandblåst smijernslampe

Eg var med far min og snusa i krokane på gamle Sundre Hotel på Ål. Me fann to gamle smijernslamper. Denne her og ei svartlakkertstålampe i smijern, tjukke lag. Eg fekk begge, etter at han hadde avklart med dei andre over telefon som seg hør og bør.

Eg finn ikkje att før-bildene, men etter at eg fekk sandblåst smijernslampa, såg ho slik ut.

Smijernslampe med kattemotiv
Eg gikk i runde ringar: Er eg fornøgd med dette? Eg likar metallglansen, dette ser ut som betong. Hmmm. Veldig usikker her…kattemotiv forresten.

Musemotiv på smijernslampas krone

Og her er det ei mus….og kirsebær. Spennande motiv??

Smijernslampe med klokkeforma pæreholdere

Uansett så må eg behandle dette her med rusthemmande midler (Owatrol), og det i dag.
Spørsmålet er om eg skal pusse eller om overflata kan få ein interessant lød med olja?

Klokkeforma pæreholder på smijernslampe

Alt er matt, dette vesle innslaget av messing lignar på marsipan. Men eg er nysgjerrig på kva som skjer hvis eg legg olje rett på dette her.

Sandblåst smijernslampe blir olja

Dessverre!
Nokon (Kjell) sa at Owatrol ville få jernet til å mørkne, så eg la like godt olje på heile lampa (eh, begge to) Då er det berre å pusse…og ergre seg over rekkefølgja på dette her (mens olja fyller sandpapiret).

Smijernslampe blir pussa med pussemaskin

Det er kanskje litt gamaldags, men eg likar denne overflata bedre, litt røft og litt glans. Det er jern og det ser ut som det det er.

Smijernslampe klar for lakkering

Det er pussa, det er olja på nytt og tørka av. Klart for maskering.

Maskert messinghekte

Det er nokon veldig fine hekter av ei slags messinglegering som er klinka fast rundt omkring inne i lampa Dei har som funksjon å halde på plass ledningane. Desse synest eg ikkje at eg kan dekke til med lakk.

Smijernslampe med oransje spray

Fluoriserande oransje og tradisjonelt smijern? Fargekombinasjonen er bra. Overflatene er perfekte i lag, lakken er matt. Eg håpar det er lett å pusse etterpå slik at eg får skarpe linjer. Dei innvendige kantane blir oransje.

Smijernslampe med oransje spray

Men så, då eg var ferdig med eit antal strøk eg ikkje telte, skulle eg legge opp ledningane i desse fine hempene…og ledningane er heilt svarte. Det ser ikkje bra ut. Bytte dei ut med klare ledningar? Eg må uansett ha sukkerbitar….eg fekk ein brilliant idè. Oransje teip! Ei fin og nøyaktig surring vil kamuflere ledningane og sukkerbitane i eitt.

Så var det berre å sette av eit par dagar til å finne denne teipen då. Er det så vanskelig..oransje teip?? Må eg innom alle butikkar i heile Grenland? (Svaret er ja…og nei. No er eg så sur og oppgitt at eg kan ikkje skrive om akkurat det.)

Eg tek ei pause:

Glasskuler

Så måtte eg lage det som er ein slags signatur: glas i ein eller annan form, fatta i eit eller anna.
Eg laga ramma av tjukk ståltråd, glaskula vart omkransa av lakkert metalltråd.

Glasskule, ståltråd og kobbertråd

Men då eg sat ute i sola og held på med dette her kjente eg ein eim av røyk. Var det litt tidleg bråtebrenning? Eg kikka inn, har nokon svidd mat av noko slag? Så kjente eg at det lukta skikkelig svidd, rett ved sida av meg og ei røyksøyle steig opp. Skinnet kulene låg på hadde tatt fyr og det var eit stort hol.

Glasskule i kobbertrådnett

Når lyset går gjennom ei kule vil denne virke som ei samlelinse og strålene møtes att i eit samla punkt kalt brennpunktet. Avstanden frå brennpunktet og linsa (kula) blir kalt brennvidde. Det tyder på at brennvidden er ganske kort og det skal jo eg vera glad for ellers vil jo lampene mine vera brannfarlege der dei heng, kanhende med vårsola skinnande gjennom vindauga.

Tilbake til teip

Denne gongen var det ei fånyttes jakt etter orange teip som hefta prosjektet. Ledningane som måtte gå i gangar på innsida av den nyleg orangefarga innsida kunne no ikkje vera svarte. Etter å ha brukt dagar i dei utallige hobby/ handy-forretningane i Grenland, som forøvrig har nøyaktig det same og manglar nøyaktig det same, måtte eg ty til netthandel.
Teipen kosta kr. 35,- frakta kr. 99,-

Smijern taklampe med 8 lys

Men eg synest det vart bra til slutt. Den oransje farga er genial til det grå metallet, klare pærer spelar godt opp mot glaskulene. Kulene flytta eg forøvrig etter eg tok dette bildet, dei kjem bedre fram når dei heng frå same ramme som lampesoklane, så no heng eit glasprisme mellom annankvar lyspære.

Som sagt, eg har flytta glaskulene. Dei heng no på ramma, mellom lyspærene.

Tror du dette kan være noe for andre?
  •  
  •  
  •  
  •  
  •  
  •  

Add a Comment

« En sparebøsse av kobber
Gravemaskiner kommer og går »

Leave a Reply Cancel reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Fortelleren

Velkommen til Villa Solstua i Porsgrunn. Vi som bor her er Tone Oppsato, Kjell Jeilen og sønnen vår Jakob. Datteren vår, Frøydis, bor i Ålesund. Den staselige sveitservillaen som ble bygd i 1890-åra hadde et stort behov for oppgradering da vi ble eiere i 1994. Det gamle trehuset skulle bli et utrolig krevende prosjekt, men det visste vi heldigvis ikke den gangen. Det er en lang historie og den vil jeg fortelle her.

Hilsen Tone

Kategorier

Arkiv

Facebook

Villa Solstua på Instagram

villasolstua

Tone Oppsato
VÅRKVELD Jeg har laget en serie telyslamper til VÅRKVELD
Jeg har laget en serie telyslamper til vegg i en fargepalett hentet ut fra Vintage Chalky 2021. Jeg tenker meg at lampene blir koselige til vårkveldene som venter oss, på hytta eller hjemme, i hagestua eller inne. 
Derfor heter serien VÅRKVELD. 

De er laget av gamle trelampetter, glassprismer, lær, glassperler og telysholdere. De er malt med matt, akryl kunstmaling.
Lampene koster fra kr. 900,- 
Med Helt hjem betaler du kr. 80,- i frakt.
Ta kontakt via nettsiden du er interessert.
Det gamle badet nærmet seg 50, da kan ikke et nyt Det gamle badet nærmet seg 50, da kan ikke et nytt bad bli noe annet enn rein nytelse...
November langs kysten. Vått, grått og mørkt...e November langs kysten. Vått, grått og mørkt...eller ikke💛
Dette er en lampe som aldri blir ferdig, men som h Dette er en lampe som aldri blir ferdig, men som har skiftet skrog, så dekor, så mer dekor. Tror den er er evighetsprosjekt.
Load More… Følg meg på Instagram

Copyright © 2021 · glam theme by Restored 316

Copyright © 2021 · Glam Theme on Genesis Framework · WordPress · Log in