Brukperler som eg kjøpte hjå Guro Dale som heldt til på Keims Gård i Porsgrunn. Det er retro leselamper frå 70-åra og la det væra sagt med ei gong: dei er i god stand og fine som dei er. Men eg er inspirert av lampene til Tom Dixon og vil absolutt lakkere med bronselakk. I sokkelen er det magnet, slik at kula kan dreiast i den posisjonen du vil.
Eg maskerer sokkelen med hårfargehanskefingrer og sprayer lag på lag. Det må ikkje væra for tjukke lag og ikkje for seint på ettermiddagen, for då blir det matt.
Ferdige på innsida. Då pusser eg utsida med smergelpapir, veldig lettvint å få den blanke lakken matt.
Eg målar med ein industrilakk eg har frå før, men den tørker så sakte at det er umulig å hindre støvet i å sette seg. Neste gong vil eg prøve ein blank spraylakk. Eg klypper ein smultring av lær og limer den til sokkelen med ruskinnet ut. Det må ikkje bli for tjukt, då blir magneten for svak. No kan eg dreie kula utan å lage riper.
Ei lampe heng over skrivepulten og ei heng over hodeputa…
To lamper fekk henge fritt under senga der det no ligg to Fatboy og sleng. Sofa/koseplass for slamper.
Då vart han fornøgd og syntest at rommet hadde mange..eh lyspunkt.
Leave a Reply