Ei oransjefluorisert smijernslampe skulle ikkje vera lett å få til…
Denne gongen var det jakt på oransje teip som var den største utfordringa. Ledningane som er festa på innsida av den nyleg oransjefarga innsida kunne no ikkje vera svarte (det kunne dei i grunnen ikkje tidlegare heller). Etter å ha brukt dagar i dei utallige hobby/handy-forretningane i Grenland, som forøvrig har nøyaktig det same og manglar nøyaktig det same, måtte eg ty til netthandel. Teipen kosta kr. 35,- frakta kr. 99,-
Men eg synest det vart bra til slutt. Den oransje farga er genial til det grå metallet, klare pærer spelar godt opp mot glaskulene.
Slik ser sandblåst smijern ut.
Overflata er matt og ser ut som betong. Det trengtes noko pussing..
Det er kanskje litt gamaldags, men eg likar denne overflata bedre, litt røft og litt glans. Det er jern og det ser ut som jern.
Så vart det oransje lakk , lag på lag. Denne er vatnbasert, den funkar bra, men eg tok eit lag med klar lakk til slutt for å være sikker. Den var silkematt for å behalde den fluoriserte looken.
Tapen, når eg endeleg fante den rette, utgjorde god fargematch.
Så lagar eg det som er min signatur: Glas i ein eller annan form, fatta i eit eller anna. Eg kallar dei alltid glassprismer.
Eg laga ramma av tjukk ståltråd, glaskula vart omkransa av lakkert metalltråd.
Eg hengte prismene litt lågare enn pærene for å oppnå lysbrytning i kulene.
Opphengsmekanismen kjem frå Biltema. Det er nøkkelringar.
Leave a Reply