Lyslykt og snapseglass

Eg kjøpte ei lyslykt med kobberlook hjå Home&Cottage. Meininga er at lyskilden skal vera kubbelys. Planen min er å lage ei elektrisk lampe med glassprismer. Ein av ingrediensane er, som vanleg, skinn og perler.

Metallet er tynt og lett å klyppe med ei metalltang. Tanga bør vera bua mot venstre for ein høgrehendt. Det blir hakkete når tanga er rett og ein skal klyppe i bue, no må kanten filast. Etterpå lagar eg hol langs kanten. Når metallet er så tynt, er det best å slå hola med ein spiker.

Snapseglass i store mengder fekk eg tak i for ein billig penge hjå Skrot-Tor i Porsgrunn. Her før og etter dekor med skinn og perler. Når ein “kler” noko med skinn som skal sitte godt fast er det lurt at skinnet er fuktig. Det krymper under tørk og strammar seg godt rundt, her: stetten.

Litt justering for å finne høgdene slik at det blir ein bra lyseffekt. Det er også veldig mange pærer å velge mellom. Her vil eg nok prøve andre lyspærer. Nokon som er større og som blender oppover og sender meir lys gjennom alle snapseglassa.

Framleis dagsyls (ein fotografs dilemma). Hola i lyslykta gir ein fin effekt og refleksene i snapseglassa kom bedre fram utover kvelden……..faktisk.
Leave a Reply