Lysekrone i messing med glassprismer
Ei messing lysekrone, lakkert og dekorert , passer kanskje best i litt kjølige og enkle miljø og ikkje i stua til ei nipselskande bestemor…
Eg har egentleg sans for det enkle, men etter dette har eg begynt å tvile litt…
Eg skulle pusse opp ei gamal lysekrone i messing som var utsmykka frå før, eg ville pynte med nokre glassprismer eg
hadde laga av gamle rørepinnar av glass kjøpt på Nye Store Mæla Gård Auksjonsforretning.
Glassprismene skulle sjå ut som “født til lampa” og eg monterte perlene ved hjelp av kobbertråd.
Det var som vanleg eit mareritt å få pussa messingoverflata blank og fin. Kjerringråd kan ein gløyme…Det er berre å pusse……men det er jo veldig artig å finne spreke farger å lakke/leike med, der det passar vel og merke. Det gjer det her bestemmer eg meg for. Denne farga er ei petrolblå metallic billakk, eg lakkerer innsida først.
Etter dette prøvde eg meg (atter) med sitronsyre på pærehalderane. Dei vart skjoldete fordi eg let syra virke for lenge,
då lakka eg desse også blå.
For å skjule ledningen i midten lagar eg fester av skinn…
…og heng opp perleremser. Formålet her var å skjule ledningen.
Ledningar og sukkerbitar blir skjult av skinn og reimer.
Eg festa glassprismene i lysekrona med skinnreimer.
Leave a Reply