Lampeskjerm strikka med kobbertråd
Eg hadde lagt mykje arbeid i det gamle lampeskroget laga av kobber. Glasskulene var blåst av ein lokal glasskunstnar, Anne Mari Syre, Glassblåseriet.
Eg dekorerte kulene med skinn og broderi, hang opp rader med glassperler…. berre det å rense irra kobber….Men då lampa hang der var det noko som mangla. Pæra var heilt naken.
Det såg ikkje bra ut då det lyste heller…
Ein gong hadde det vore mange pærer på denne lampa og dei har vore skjult av glaskuplar av ulike størrelsar. Då eg fann lampa på ein antikvitetshandel i Skien, var ho var full av irr og skit, ingen av kuplane var å sjå.
Eg strikka eit gitter etter inspirasjon frå den utrulig fantastiske Magpie Regency, men eg skjønar ikkje korleis eg skal strikke inn perlene så dei har eg sydd på etterpå.
På finurleg vis fekk eg festa gitteret rundt lyspæra. Lampa ser no betre ut både avslått…
…og påslått.
Hvis du vil sjå korleis denne lampa vart laga, kan du sjå Kobberlampe med håndblåste glasskuler.
Lampa er blitt strålende bokstavelig talt. Med gitteret ble den perfekt.