Ein dørstokk blir redda
Resultatorienterte menn..
..kan væra veldig raske. Ein rekk ikkje alltid å koma heim i tide.
Eit dørblad var av ukjent årsak for kort og dette førte til ein stor åpning mellom dør og dørstokk.
Den sjølvsagte løysinga vart å lime ein eikeplanke rett på den gamle dørstokken: -Det er bare å sparkle og male!
Eg tenkte og tenkte i ein heil dag før eg sa: SORRY! Bort med eikeplanken.
Fram med kjemikalier (Duxola), skraper, varmepistol og pussepapir.
Eg flikker dei djupeste hakka med Liberon voks, men trur eigentleg Formtre ville vore betre her fordi hakka var såpass
djupe.
Eg lakkar med lakkbeis, som sit godt når overflata er metta av linolje og rester av gamal måling. Her kan ein ikkje bruke vatnbeis. Om eg hadde brukt meir tid på pussing og skraping slik at alle spor av gamal måling var borte, ville eg kanskje valgt ein
litt lysare beis. (Eg gløymde dessutan å støvsuge..)
Leave a Reply