Rosebue laget av armeringsjern
Plutseleg får eg det for meg at eg skal ha ei rosebue i hagen, det har eg aldri tenkt på før. Er det i overkant dillete? På nettet finn eg mange variantar, dei er enten fine og dyre eller jålete og billige. Eg kjøpte ei billig rosebue frå Jula som var både enkel og billig.

Men det er noko skikkelig rakkelverk…

Gjengane går i oppløysing dersom du drar ein omdreining for mykje….

…her tok eg foten til hjelp littegrann, då knakk tverrstanga.

Eg kasta heile Clas Ohlson-bua og tenkte ut eit nytt design, eg ville ha jernstenger og bambuspinnar. Kjell foreslo armeringsjern, visste at dei har rett lengde (6 meter) og at dei tynnaste er lette å bøye. Dei er forøvrig lette å kappe og. Dei er ferdig rusta når du kjøper dei hjå bygghandelen og har ei fin overflate.

Bambuspinnane kjøpte eg på Plantasjen, 150 cm lengdene hadde den rette tjukkelsen, eg kappa dei i 50-lengder.

Her er armeringsjernstengene støa opp, festa i eine enden, stikke ned i grusen i andre enden.

Bambuspinnane surrar eg fast med ståltråd, det tek vel nokre år før dei rustar av.

Litt skeiv og rufsete, men mykje finare enn Jula synest eg…

..så no er det berre å vente. Eg har planta gule klatreroser på begge sider og ei stammerose i tillegg. Klatrerosa som står i krukke skal i jord etterkvart, så skal det bli ein bugnande roseportal…
Så fint denne ble. Har fått det for meg å lage en, jeg også. Lurer bare på om jeg kanskje skal bruke armeringsjern istedenfor bambus på tverstangene? Hadde du en funkjonel grund hvorfor du ikke brukte jern til de? Og hva brukte du til å kappe armeringsjern? Gleder meg å høre fra deg.
Hei.
Takk for innspill, beklager at du måtte vente en stund.
Bambus er lett og holdbart, når du bare surrer med tråd som er ment for å være ute vil det holde godt.
Jeg kappet jernet med baufil.
Hilsen Tone