Kobber, messing og håndblåste glasskuler.

Mitt første lampeprosjekt vart ein real møkkajobb..
Slik såg skroget ut då eg kjøpte det på Nye Store Mæla Gård Auksjonsforretning. Det hadde nok vore ei flott lysekrone.
Det var vanskeleg å veta korleis eg skulle gå laus på dette, mykje grønt irr og ein del av lampa er dessutan lakka svart.
Ein runde med saltsyre førde berre til endå meir irr og ein misfarga betongvask i kjellaren (burde visst betre). Ledningsskjuleren, kuppelen og staga er lakka svarte, men eg berre måtte pusse litt..

Eg pusser med fin stålull og vanleg kobberrpuss, vips så kjem kobberet fram. Det merkelege er at det ligg kobber over messing,
tinn over kobber etc. Var messing så rimeleg og godt støypemateriale at det kunne erstatte stål? Dette må eg granske nærmare. Moro når blank kobberr og messing kjem fram, men vanskeleg å veta kor mykje ein skal pusse. Alder og patina høyrer jo og saman.

Her ligg eit lag med tinn (hvis tinn no kan leggast i tunne lag) eller er det rett og slett ein metallakk? Kobberfarga kan såvidt skimtast, eg pussa iherdig for å avdekke kobberet, men ga opp dette. Det er og vanskeleg å arbeide i alle krikar og krokar på tannbørstenivå med denne store tingen.

Sjå der ja, endeleg noko som går fort og lett. Til og med her eg sit og legg ut bilete, lenge etterpå, blir eg litt kvalm når eg ser spora i staga som er fulle av grønt irr. Gjett om eg gjorde mange forsøk på å bli kvitt det. EG AVSKYR IRR!!

Det er det same kva eg gjer; tannbørste med salt-syre, sitronsyre, eddiksyre, alle slags pussemidler, stål-børste (bønn, neida). Internettråd som ketchup og Cola er berre tull og tøys. Til slutt ga eg opp og demontert heile lampa. Ein formidabel pussejobb står foran meg, men no er det i allefall sakte framgang. Det er stålull og kobber/messingpuss som funkar.
Men eg må også seie at eg har fått mange tips og råd som eg ikkje har fått prøvd ut enda.

Ei stund såg det ut til å være kobber, med messing/kobberpuss kom etterkvart messingen fram. Irret har her fått ein runde
med ein rustbehandlar som skal reagere kjemisk med rust og irr og bli svart.

Eg er ferdig med pussinga og set no delene saman att.

Då lampa hadde kome opp mangla ho ein god kontur. Eg rappa glaskulene frå ei gamal Ikea-lampe og tredde dei på tre skinnreimer. Desse vart tauverket på gamalt prismekronevis..
Å lage prismene var heldigvis berre sofakos..

Eg har funne fram til ei form som eg likar og som eg tilpassar glaskulene, som er håndlagde av Ann-Mari V. Syre.
Glaskunstnar frå Bamble, Glassblåseriet.

Dei minste kulene fikk brun tråd, dei største petrol/turkis.

Ein trio av dei minste kulene fikk plass i midten. Rekker av glasperler gir lampa form, dei er henta frå ei Ikea-lampe
som hang her før.

Ein fargekompinasjon me har sett ei stund, men som har god varighet synest eg..

Så vart ho endelig ferdig då, men eg undrar no på om eg skal legge inn eit par pærer oppunder den minste sirkelen slik at prismene får litt direkte belysning. Det er liksom noko med poenget med glas det…å bli belyst.
Pæra skal få ei hette strikka av kobbertråd og perler slik at lyset vil bli mjukare.
Litt seinare:

Eg strikka eit gitter etter inspirasjon frå den utrulig fantastiske Magpie Regency, men eg skjønar ikkje korleis eg skal strikke inn perlene så dei har eg sydd på etterpå.

På finurleg vis fekk eg festa gitteret rundt lyspæra. Lampa ser no betre ut både avslått…

…og påslått.
Leave a Reply