• Hjem
  • Blogg
  • Kontakt
  • Om oss
  • Kategorier
    • Prosess
    • Interiør
    • Håndverk
    • Lamper
    • Facebook
    • Instagram
    • LinkedIn
    • Pinterest

Villa Solstua

You are here: Home / Kategorier / Framskapet som vart til 44 sølvknappar

Framskapet som vart til 44 sølvknappar

in Kategorier on 05/05/14

Framskapet som vart til 44 sølvknappar

Her er eit par besteforeldre på Ål, me kalte dei Gommo og Goffa.

Fire eldre foran hvitt hus

Dei budde her i dette stygge huset, men likevel hadde dei stadig besøk….her frå Amerika.

Sveitserhus

Ein gong hadde dette huset sett slik ut, men Heimdal skal eg skrive om seinare. Inne i det stygge huset var me stadig på besøk under oppveksten, for ungar bryr seg mest om gommo og goffa er snille, og det var dei. Men dei vart gamle og døydde etterkvart og foreldra mine overtok huset. Det var då eg fekk det gamle framskapet som hadde stått i stua i all tid.

Gammel låve med låvebru

Eg hadde den gongen ingen boplass som egna seg til å huse eit slikt skap og me bar det inn på denne låven så lenge. Dersom du trur at denne låvetrappa ikkje er morken, sleip og utan fotfeste…så sjå litt bedre etter. Og om du trur at eit framskap er lite og lett…

Liggende framskap

Så vart eg huseigar i Porsgrunn og det vart slutt på kummerlig lagring i ein glissen låve langs R7. Men eg syntes ikkje at skapet var fint. Ikkje var det originalt, det var heller ikkje fint måla. Men eg var opptatt av å ikkje gjera noko overilt, alle tabber med lut og Kaustisk Soda var tilbakelagt. Med skalpell gjekk eg til verks, skrapa små felt lag for lag for å avdekke gamal rosemåling. Eg såg ikkje snurten tå ei einaste rose, var utolmodig òg. Eg fann fram kjemikalier og skraper…og så var det POINT OF NO RETURN!!

Gammel rosemaling

Ups…
Då eg var nesten ferdig med det grøvste forarbeidet, hadde spyla lett med høgtrykkspyler og skulle gå igang med siste runde, skrape lett det siste som sat att….og der kom rosene fram! Sirlige og sarte…gamle.  Kva har eg gjort? Eg må med ei einaste gong få avklart kva eg har stelt i stand…eller ikkje?
Framleis veit eg ikkje kor stor eller liten denne tabba var…..prøvde aldri å finne det ut heller. Den gongen beslutta eg at skapet hadde vorte overmåla då det var så slitt at det meste var borte.

Rom under oppussing

Dette er det einaste bildet eg finn av skapet etter at eg hadde måla det. Farga vart mørk grøn, det var nokre vinraude detaljer og speila var grå. Planen var å få Bjørg Noss frå Ål til å måle det, etterkvart som eg fekk råd og hytte. Men først sto det her i spisestua ei god stund.
Då dette rommet vart påbegynt og me fann ut korleis me ville ha det, vart framskapet heilt malplassert. Far min sa: – Kan du ikkje berre ta det med opp hit att? Her er det plass i massevis, det kan stå i verkstaden min, det går så fint. Dermed havna skapet på nytt på Ål og me bar det inn i verkstaden og sette det inntil ein vegg.
Det går nokre år, det byggast her og der, hytta blir snart ferdig. Eg er på Ål ein tur. Syster mi og mannen hennar har overtatt garden og me er like mykje der som oppe i Liagardane hjå foreldra mine. Eg seier til Pål, min svoger, at eg vil ta meg ein tur ned i verkstaden for å kikke på det gamle framskapet. Eg skal ta nokre mål, planlegg å ta det med til hytta snart. Han ser på meg med eit uttrykk eg vil kalle lett bekymra: -Du veit det ikkje? Det viser seg at far min har solgt skapet mitt på auksjon.….
Med raske skritt går eg mot bilen.

Tja, argumenta hans var ikkje av det tyngste slaget:
– Det var støtt i vegen…det var skada….eg hadde kome borti det med traktoren…det var verdilaust…
du hadde måla det…eg har flytta rundt på det skapet..(..gjennom heile livet?)
– Har du bore det på ryggen eller? Kva fikk du for det?
– Nesten ingenting, berre 12 000,-
– Selja andre sine eigedelar? Også under takst? Eg var eitrande forbanna, men no var det om å gjera  å halde tunga i sjakk inntil hukommelsen rakk å scanna eige forgodtbefinnande.

Bunad øst-Telemark

Det viste seg at eg for ei tid attende hadde lånt ca 20 000,- hjå….eh..far min.
Ei tid tilbake hadde det vore store prosjekt på gang, Kjell skulle få seg Øst-Telemark herrebunad (om han ville eller ei). Eg gikk på kurs, sydde og banna. Knappane, 44 stk, var fine og dyre, men eg hadde kome over eit kupp: Alle knappane komplett – 20% rabatt. Det hadde vore andre utgifter òg. Frøydis, dotter vår, var konfirmant samme våren.

No vart det dealing oppe i Liagardane. Gjeld og splid vart sletta. Sølvknappar kom i odel og eige… og eg fekk småmat til ein heil festlyd på kjøpet.

Småmat, festmat frå Hallingdal

Småmat er festmat i Hallingdal. Serverast med lefsekling.

 

Tror du dette kan være noe for andre?
  •  
  •  
  •  
  •  
  •  
  •  

4 Comments

« Jeg redder en dørstokk
Verksted og prosjekter »

Comments

  1. Anonymous says

    09/05/2014 at 12:12

    Nå måtte jeg jammen smile av historien din. Den var både grusom og morsom 🙂 Syns liksom jeg ser far din flytter rundt på det skapet “heile livet sitt” før du oppdaga det her.. Jeg tror jammen du har godt av å skrive ned alt som har skjedd, så du får ruska opp i salaten – gå å bære på slike traumatiske hendelser er ikke bra vet du… 😉 -Og veldig festlig og underholdende for oss andre! Takk 🙂

  2. Lina says

    09/05/2014 at 12:13

    Glemte selvsagt å skrive navnet mitt på den over… :/

  3. Anonymous says

    10/05/2014 at 16:55

    Takk skal du ha Lina.
    Nei det har ikkje vore lett bestandig..he he. Men mange artige historier har det blitt.
    Utallige faktisk…

Trackbacks

  1. Framskapet som vart til 44 sølvknappar | Blopp.no says:
    05/05/2014 at 16:02

    […] Her er eit par besteforeldre på Ål, me kalte dei Gommo og Goffa. Dei budde her… Les mer […]

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Fortelleren

Velkommen til Villa Solstua i Porsgrunn. Vi som bor her er Tone Oppsato, Kjell Jeilen og sønnen vår Jakob. Datteren vår, Frøydis, bor i Ålesund. Den staselige sveitservillaen som ble bygd i 1890-åra hadde et stort behov for oppgradering da vi ble eiere i 1994. Det gamle trehuset skulle bli et utrolig krevende prosjekt, men det visste vi heldigvis ikke den gangen. Det er en lang historie og den vil jeg fortelle her.

Hilsen Tone

Kategorier

Arkiv

Facebook

Villa Solstua på Instagram

villasolstua

Tone Oppsato
VÅRKVELD Jeg har laget en serie telyslamper til VÅRKVELD
Jeg har laget en serie telyslamper til vegg i en fargepalett hentet ut fra Vintage Chalky 2021. Jeg tenker meg at lampene blir koselige til vårkveldene som venter oss, på hytta eller hjemme, i hagestua eller inne. 
Derfor heter serien VÅRKVELD. 

De er laget av gamle trelampetter, glassprismer, lær, glassperler og telysholdere. De er malt med matt, akryl kunstmaling.
Lampene koster fra kr. 900,- 
Med Helt hjem betaler du kr. 80,- i frakt.
Ta kontakt via nettsiden du er interessert.
Det gamle badet nærmet seg 50, da kan ikke et nyt Det gamle badet nærmet seg 50, da kan ikke et nytt bad bli noe annet enn rein nytelse...
November langs kysten. Vått, grått og mørkt...e November langs kysten. Vått, grått og mørkt...eller ikke💛
Dette er en lampe som aldri blir ferdig, men som h Dette er en lampe som aldri blir ferdig, men som har skiftet skrog, så dekor, så mer dekor. Tror den er er evighetsprosjekt.
Load More… Følg meg på Instagram

Copyright © 2022 · glam theme by Restored 316

Copyright © 2022 · Glam Theme on Genesis Framework · WordPress · Log in