Dansk design på finn.no

På finn.no fann eg to eldre kobberlamper i dansk design. Dei er begge stempla med ein logo JJ. Designeren skal heite Jac Jacson og lampene er tilgjengelige på auksjoner for under tusenlappen. Slik såg lampene ut på finn.no:

Eg betalte 750-800 kr pr. lampe. Denne fekk eg tilsendt…

…og denne køyrde eg til Sande og henta og fekk dermed ein veldig hyggeleg prat med dei forrige eigarane.

Det elektriske var morkent og utrygt, dessutan var lenkene for korte. Eg ville bruke vire og då vart det naurleg å skifte til klare ledningar. Til slutt kjem pussinga, ofte ein real skitjobb, her berre moro.

Bøyla som held kjettingen mangla på eine lampa så eg byta til skinnreimer, må også finne ei løysing for å skjule virekoblinga…

…det blir ein skinnbrikke med snorer som er lett å fjerne dersom eg må ta lampene ned, evnt. heve/senke lampene.

Ikkje akkurat skjult anlegg i eit gamalt tak, slikt er det berre å venne seg til.

Då me også fekk ein bryter (kvit for sikkerhets skuld) midt på veggen, må eg i det minste sørge for å fotografere frå rett vinkel…

Clas Ohlson har mange artige lyspærer. Dette er ein pæreskjuler. Ei halogenpære sit inni. Under 100-lappen pr. stk.

Mykje diskusjon om høgdene. Enkelte vil at lampene skal henge så høgt at det ikkje går an å koma borti dei (180 cm eller høgare). Andre vil ha lampene i brodèrhøgde…Dette er vel ein mellomting.
Leave a Reply