Eikeknagger i eget design
Jeg tror jeg har rappa dette smarte designet et sted, men vet ikke hvor. Fra Muuto Dots? Eller kanskje jeg rett og slett har laget eikeknagger i eget design?
Med to holbor (diameter 100 mm og 75 mm) bora eg (dvs. Kjell) ut 5 stk. i kvar str. Grunnen til at eg ikkje sagde ut eikeknaggene sjølv var at eg vart skremt og forbanna av at eg nesten fekk armen ut av ledd av dette farlege verktøyet og slengte heile drillen i veggen. Det er jo eit nederlag for ein feminist som meg, eg skal nok få til dette neste gong, men då skal eg sette drillen fast og også feste treplata. Eik er steinhardt og det kan gå litt voldsomt for seg når bladet plutseleg “tek tak”.
Dei to ulike eikeknaggene blir limt saman, slik at dei har same underlinje…
….så blir dei pussa og olja. Holet i den store sirkelen blir bora gjennom den minste.
Dette er eit vaskerom. Neste gong eg lagar slike klesknagger i eik eller i eit anna treslag vil eg vurdere diameter og tjukkelse ut frå behovet. Den ytterste treng kanskje ikkje å vera så tjukk. Ein kan også bore ut til ein plugg slik at skruen blir usynleg.
“Laundry” skittentøyskurv/bag frå Megaflis kostar kr 119,- og er veldig praktiske….dei blir nok hengande opne:
Her er det gamalt og trongt, ikkje plass til å stå her å legge saman tøy. No blir det lett å halde det reint her, det var ikkje så lett før når all sortering foregikk på golvet.
Leave a Reply