Stilforvirring eller kul match?
Her har eg ei gamal stålampe av smijern. Den var opprinnelig svart og litt rusta. Eg fekk den sandblåst, men då blir jernet heilt matt og det får ein overflate som lignar betong og som rustar raskt, difor må det grunnast. Eg legg på Owatrol og tørkar vekk overflødig olje. Når overflata er tørr kan ein legge på lag på lag.
Eg valde ei brun farge, mørk brun metallic billakk, kjøpt på Mekonomen.

Lakken er vanleg billakk på sprayboks. Flott kvalitet.
Armatur og ledning er bytta ut. Neste gong vil eg kanskje prøve noe sprekere, Clas Ohloson har mye å velge mellom, mange festlige pærer og ledninger i mange farger.

Den gamle, raudruta lampeskjermen var borte og eg har lakkert eit lampegitter frå Clas Ohlson med samme lakk som smijernslampa.

Lampegitteret vart dekorert med skinn og glasperler.

Detalj frå midtpartiet av lampefoten . En plan er å trekke ledningen med et skinnhylster.
Så utrolig kult 😀 !
Opps, der oppdaga eg ein hyggeleg kommentar.
Tusen takk Linn.