Villa Solstua

  • Villa Solstua
  • Hjem
  • Historien
    • Sveitserstilen
    • 1930 – åra
    • 1994
      • Utvendig
      • Innvendig
  • Før og etter
    • Fasadene
      • Sveitserhusets fasade øst
      • Sveitserhusets fasade sør
      • Sveitserhusets fasade nordøst
    • Interiør
  • Kategorier
  • Om oss
  • Kontakt
  • Blogg
You are here: Home / Kunst&håndverk / Verksted og prosjekter

Verksted og prosjekter

Han er lei av kona sitt inneverksted

…og gleder seg til å få flytta alle prosjekter ned i kjellern for godt!

Mann som borer

Han bora i fjell dag etter dag…(sjølv om han hadde feber og var sjuk)

Hull i fjell med ekspanderende masse

…han hadde brukt opptil mange tusenlappar på ekspanderande masse (Trollkraft frå Wee). Men dette produktet virkar visstnok best på betong og hardare fjell utan sprekkar, der ingen ting gir etter utan å sprekke. Her hadde det ingen effekt.

Sprenging med hydraulikk

Løysinga vart å splitte fjellet med hydraulikk.

Kjeller sett innenfra

…og ikkje berre ute.

Hund som hviler

For enkelte er det neste tur som er det viktigeste uansett hva som skjer rundt øra. Den begynner han å vente på så fort han kommer inn porten.

Gravemaskin fyller lastebil

Tidlegare hadde prosjektleder Kjell hyra inn store maskiner…

Liten bulldozer inne

…og små.

Utgraving av kjeller

Handkraft, tolmod og jord i bøtter og spann.

Han er nemlig så inderlig lei av:

Verksted i stua

Heimekontor 1..

Verkstedmateriell i stue

og heimekontor 2..…som forøvrig ikkje hadde vore akkurat her hvis han hadde skjønt at brannmur med fliser foran = PEIS (ikkje fake-peis frå Clas Ohlson – som eg forøvrig har hengt opp som rein demonstrasjon for å illlustrere at her skal det væra ekte peis – og ikkje fake-peis frå osv)

Helfigur i speil

Eg riv meg laus frå heimekontoret, tek med kamera og går ut for å inspisere. Eg vil foreta ei imaginær reise inn i framtidas heimekontor eller verksted som det no skal heite..

Kjellernedgang

Ei innbydande og kundevennlig trapp fører ned til mitt nye arbeidsrom…

Flatskjerm og bord i rå kjeller

…eit kraftig arbeidsbord på hjul står midt i det godt opplyste og godt ventilerte rommet. På golvet praktiske fliser og golvvarme. Det robuste bordet kan lett flyttast rundt og det tåler vekt og verktøy…Ein flatskjerm med størrelse må eg sjølvsagt ha.

Kjellerhyller

På nordveggen har eg solide hyller med god lagring og eit rikelig utvalg av verktøy…

Lamper i jordkjeller

…på sørveggen heng det lamper på rekke og rad, eg held sjølvsagt på med mange interessante prosjekt samtidig…

Lenestoler i råkjeller

..ved hylla eit par snappy lenestolar i tilfelle eg får gjester…eg serverar nytrakta kaffe.
Stol til venstre frå Anno antikk & nytt, stol til høgre er ein Sentou – Coogee Lenestol frå Designdelicatessen.

 

IMG_6322

Eg kjem tilbake til virkelighetens verden og kaster et blikk over til naboen. Ho har nytt hus.…tørr og fin kjellar…alltid ryddig og strøkent. Ho heftar meg bort og byr på lunsj…

 

Del gjerne:
«
»

Kunst&håndverk, Renovering&eksteriør 2

Comments

  1. Lina says

    24. May 2014 at 17:48

    haha – kan ein anna enn å le….dine drømmer er iallefall til å ta og føle på. Jeg håper inderlig det blir som du håper på – veldig snart, for hans skyld! 😉 Og din, så klart..

Trackbacks

  1. Restaurering av trappehall i jugendstil | Villa Solstua says:
    21. June 2014 at 13:23

    […] Den opprinnelege husfasaden, med opne svalgangar har antageleg vorte for tungvindt. På dette biletet er det kledd att nede. Trappehallen ligg innanfor denne døra, ein liten gang imellom. Vår teoti er at hallen har vorte bygd for å erstatte den utvendige trappa og for å gjera bedre nytte av denne delen av huset, som har hatt blindkjellar. Konsekvensane av dette tek me pr. no sjå Utgraving av blindkjeller. […]

Leave a Reply Cancel reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Velkommen til Villa Solstua i Porsgrunn. Vi som bor her er Tone Oppsato, Kjell Jeilen og sønnen vår Jakob, Frøydis har flytta ut. Den staselige sveitservillaen som ble bygd i 1890-åra hadde et stort behov for oppgradering da vi ble eiere i 1994. Det gamle trehuset skulle bli et utrolig krevende prosjekt, men det visste vi heldigvis ikke den gangen. Det er en lang historie og den vil jeg fortelle her.

Hilsen Tone

Archives

Det siste fra bloggen:

Skatoll i senrenessanse stil

Skatoll i senrenessanse stil

Sjabloner på den gamle brannmuren

Sjabloner på den gamle brannmuren

Eldre kobberlamper i dansk design

Eldre kobberlamper i dansk design

Heimdal, gnr. 36 bnr. 3. Frå Aal Bygdesoge

Heimdal, gnr. 36 bnr. 3. Frå Aal Bygdesoge

Hellegang av naturstein

Hellegang av naturstein

Hjemmelaget rosebue

Hjemmelaget rosebue

Instagram:

Load More...
Følg meg på Instagram
1930 – åra

1930 – åra

Villa Solstua 1994

Villa Solstua 1994

Copyright © 2018 · Darling theme by Restored 316