Jakob sitt rom
Det hadde eingong vore eit søtt og delikat jenterom…
..men det forlengst gjennomskua. Han hadde venta lenge og var utolmodig..
..så utolmodig at han fann det nødvendig å gripe direkte inn med egeninnsats!!!!
Ein gang var for lang og rommet var for…kort. Veggen vart flytta eit par meter og dei gamle parkettstavane blir tatt opp. Det trengs å leggast nytt golv over heile 2. etg. Den blå døra i bakgrunnen er av ukjent opprinnelse og høyrer ikkje heime i eit sveitserhus.
Dette rommet har i dei åra me har budd her, vore brukt som kjøkken.
Av og til er det ryddig og fredelig ei lang stund…men oftast ikkje.
Men etter eit par hengerlass med bråta ser alt lysare ut.
Her er den nye veggen og den gamle døra.
Så var det eit golv til. Dvs. dette skjedde før Frøydis sitt rom, men jobben er skuffande lik.
Dei gamle røra til kjøkkenet blir plomblert og veggen må forast ut for å få bygd dette inn.
Plank, 2/8 inch (2tom8 som det heiter) blir brukt til å rette opp dei gamle stokkane. Heile tida må det gjerast tilpassingar. Gamalt hus = alt er skeivt.
Dei hjelper og til med å lage standard breidde for isolasjonen, som er 60 cm.
Så begynner det å ligne på godt isolert, 20-30 cm Rockwool (mange gode tips). Ei sponplate er på plass, 22 mm tjukk, 60 cm breidde.
Golvplatene er lagt. Det er vanlege 22 mm sponplater. Bak veggplatene dukka det opp spor etter det gamle vindauge som var for breidt. Dette kan du sjå på austveggen.
Kvifor han (Kjell) brukar Glava og Rockwool om kvarandre fins det ikkje godt svar på. Det dreier seg om kvar det er tilbud, kva ein har frå før osv. I følge han er isolasjons- egenskapene like, men Rockwool er meir brannhemmande og tåler å bli fuktig.
Når sjansen er der, blir det elektriske anlegget lagt skjult. Med åra har han vorte meir kravstor mht. verktøy. Det enklaste er pistol. Ulempa er den tunge kompressoren ein må drasse på.
Den blå døra har vorte bytta ut med ei ny fyllingsdør. Me hadde ingen dører på lager som kunne brukast her. Den nye døra er ferdiglakkert frå fabrikk og farga var såpass lik at sjølv eg såg det meiningslause i å slipe/matte og grunne for å måle. Så vart det lagt gipsplater på veggane. Eg er ikkje glad i gipsplater, dei er eit herk å henge ting på. Gipsanker og plugger må til hvis det er litt tyngde på det som skal hengast opp, og det blir stygge metallhol i veggen etter eit gipsanker. Desse hola må kanskje sparklast (ikkje prøv å dra ut eit gipsanker) og det blir ikkje alltid så fint fordi enden kan ligga litt utanpå veggen. Tipset frå meg er å bruke plugger og gipsanker der du må (hyller, krokar osv). Til bilder er det oftast nok med ein krok (den lange kroken kan bære 25 kg). Her er det mange gode tips.
Her er det så innmari ryddig fordi det skal koma ein håndverkar. For ei gongs skuld kjøper me tenester (kan anbefalast), han skal sparkle og legge duk på veggane. Eg vurderte først å sparkle og måle rett på gipsplatene, men vart anbefalt å legge denne duken fordi den trengs for å beskytte veggen. Dessutan blir det ei finare overflate som lignar på finpussa mur.
Veggane er ferdigkledde med duk, eg har begynt på taket. Det er ikkje så verst, eg tok ein runde her for nokre år sidan. Eg startar med å fuge der det har vorte sprekkar sidan sist. Det har ein gong vorte måla med rull. Det gjer eg òg, men på panel må ein sjølvsagt dra ut målinga etter rulling og det var ikkje gjort her. Det var ein dårleg finish og ein kan pusse seg i hel for å få panelet glatt igjen. Men det vart litt bedre, 2 lag måling hjelper og.
Men akkurat her er det ein overgangen på grunn av veggen som er flytta. Tjukke spor av målig skal skrapast (hakkast) vekk, så er det grunning og fuging før måling.
Taket er ferdig, fint og lyst ei lita stund. Ikkje noko for ein 13-årig gut.
Duken som vart lagt på gipsplatene har som funksjon å sjå ut som finpussa mur. Men den beskytter også platene som ikkje har ei veldig solid overflate. Denne overflata sug maling i litervis, derfor er det veldig kostbart å starte med kvalitetsmaling. Her har eg brukt noko gamalt søl, treng ikkje å væra i same glansgrad, men helst matt og vatnbasert.
No har eg erfaring med at ingenting går lett, men eg gløymer det gjerne frå gong til gong. Det var nødvendig med mange strøk maling her. Ein kan med fordel grunne med minst to strøk. Hjørnene, som ein tek med pensel, treng gjerne eit strøk meir med den rette farga enn veggen, som blir malt med rull. Det var ikkje lett å få dette jevnt og fint, eg trur me enda med minst tre strøk med toppmaling. Lurt å ha ein ny og riktig rull samt at du jobbar mange retningar. Med duk og så mange liter maling (og arbeidstimar) blir ikkje den malte overflata nødvendigvis det rimelige alternativet til tapet.
Listene dekte ikkje så langt ned som eg hadde beregna og eg fekk eit ekstra og irriterande oppdrag. Mørk maling er i mange tilfeller meir vrient enn lys. Å flikke litt med lyse farger brukar å gå bra. Her vart det ikkje så usynleg, men du hektar deg sjølvsagt opp i det berre i det du heldt på, seinare er det ikkje noko du får auge på. Eg vil ikkje anbefale slik flikking på oljebaserte flater, det må i så fall vera når det heile er ganske nytt.
På alle flater av tre brukar me maling for dør/list. Også denne vatnbasert. Eg er ikkje alltid heilt fornøgd, det er eit sjumilsteg fram til oljemaling, men eg øver på å væra positiv. At det er fordeler med vatnbasert måling er det liten tvil om: skylling av utstyr, lite løsemidler (null hodepine), kort tørketid (lite støv).
Brannmuren var porøs enkelte stader, alt det lause vart fjerna. Det blir først lagt grov murpuss, etterpå vanleg sparkel. Eg brukar same måling som i taket, vatnbasert panelmåling.
Så er det legging av golv. Spennbåndet heldt eikeplankane saman.
Golvet blir skrudd fast i sponplatene, ganske tett som du ser. Golvet er levert av Fix Bolig.
Litt uflaks her òg når det gjeld listers rekkevidde. Formtre i riktig farge gjer susen.
Me kjøper ferdiglakka listverk. Eg velger likevel å måle dei, farga er litt for kvit. Eg sparklar jo spikerhol og fuger hjørnene og skøytene likevel, det blir også eit toppstrøk til slutt. Men det er uansett ein lettare jobb fordi eg slepp alle kontaktflater mot vegg og golv.
Eg trur spikerpistolen er ei investering han er rimeleg fornøgd med. Det er ein enorm forskjell når du arbeider med oppdrag i kategorien “plankekjøring”.
Dette dørbladet er rett og slett for kort, historiabak dette kjenner me ikkje. Det vart i første omgang gjort ei kvasiløysing, sjå “Ein dørstokk vart redda”.
Me enda med å bygge opp dørbladet. Etter høvlig, sparkling og pussing vart dette usynleg. Listene vart først festa for langt ut på karmen, her er dei flytta inn så langt dei kunne.
Listeklossar er ei løysing me likar. Enkelt å få fint og tidsriktig.
Som vanleg tek eg bilder av alt som skjer… Her har det kome inn eit skap frå Ikea. Billeg, riktig breidde og ganske usynleg.
Kjell har designa hemsseng. Me har styra vel og lenge for å finne rett høgde, ei benkeplate av eik er kappa i heile lengda av veggen. Ramma elles er furuplater som blir skrudd rett i veggen.
Her har det kome opp ei tverrplate i eik som avsluttar senga i standard lengde. På langsidene blir det festa lister som sengeplankane kviler på.
Den andre opningen blir oppgang med stige. Ein enkel løysing som me også meiner er god. Furuplatene har me beisa i ei farge som skulle ligne på eik. Vatnbasert beis på nytt treverk. Herdins vatnbasert pulverbeis er veldig lett å arbeide med, men treng eit strøk med lakk til slutt.
Me henta fram ei gamal taklampe som hadde vorte midlertidig forkasta. Fint å finne ting på loftet som plutseleg får ein ny vår berre ein finn rette plasseringa. Det var meininga at rommet skulle belysast godt frå taket, men at andre lamper skulle vera med å definere stilen i rommet.
To skap med oppoveråpning, som eg ein gong fekk av veslesyster, har aldri fått sin plass i huset. Eg hadde planer om å lakke dei i høgglans, men så vart dei plutseleg hengande her. Jakob vart ikkje fornøgd så dei heng her på lånt tid. Eg synes det er vellukka fordi dei rommar mykje og fordi dei skjuler mykje av undersida av senga. Dessutan tek dei ikkje plass. Kanskje eg likevel skal måle dei… høgglans oransje?
Då vart det ein tur til Ikea igjen…nokre få ting som trengtes. Ein halv dag med montering….FERDIG!!
Han brukar det aller meste av tida her ved leksepulten..
..berre av og til treng han og koble av med X-boks, utallige apper, Tv, Jan Olsen fra Lunsj, Facebook…..
Pappa lagde loftsseng av ei kjøkkenplate av heilved eik. Skapa oppunder senga vart raskt fylt opp, Nintendo, DVD. Fatboy x 2 kjøpte me på finn.no. Tanken er at det ei gong (når han kanskje kjem heim med fleire enn seg sjølv) skal kunne plasserast ei dobbeltseng under loftssenga.
Arkivskapet og pulten er kjøpt på Ikea. Maleria er gamle studiearbeid. Her er det Loke som stjeler Iduns epler.
Stigen er heilmelaga av ein finsnekrande pappa som har vorte svært så snekkerkyndig med åra. Bildet viser Loke som har klypt håret til Siv.
Huset er 120 år gamalt. Det einaste i dette rommet som har same alder er taket og denne døra.
Den nye døra har samme type fyllingar som dei gamle dørene, men den er noko meir pinglete, dørbladet er tynnare. Klesskåp frå IKEA.
Døra fører inn til eit kott der alt som fjernkontrollerasts blir lagra.
Edderkoppen er laga av tre og kjøpt i Kroatia, men han er laga i Indonesia.
Retrolamper frå 70-talet. Dei har fått ein aldri så liten makeover.
Samme lamper kan òg brukast som pendel. Her er dei hengt oppunder senga, slik blir det leselys i kosekroken.
Ja
Leave a Reply