Villa Solstua

  • Villa Solstua
  • Hjem
  • Historien
    • Sveitserstilen
    • 1930 – åra
    • 1994
      • Utvendig
      • Innvendig
  • Før og etter
    • Fasadene
      • Sveitserhusets fasade øst
      • Sveitserhusets fasade sør
      • Sveitserhusets fasade nordøst
    • Interiør
  • Kategorier
  • Om oss
  • Kontakt
  • Blogg
You are here: Home / Ugleskulptur av Ingeborg Riseng

Ugleskulptur av Ingeborg Riseng

 

Ugleskulptur av Ingeborg Riseng

 

Ei ugle måtte ut på ei slags reise…

 

 

 Skulptur med ugle av bronse

…før eg skjønte at landinga måtte bli heime hjå meg. Ein kan faktisk bli heilt bergtatt av eit kunstverk.
Akkurat som med musikk…..det sit berre litt lenger inne…i lommeboka.

 

Skulptur med ugle av bronse

Sokkelens overflate er svart gips. I det ytterste laget ligg det tett i tett med glassperler. Sjølve ugla er først skore ut i hard voks. Voksugla blir deretter plassert i ein boks og pakka med sand. Ein finurlig smelteteknikk får voksen til å renne ut og den tettpakka sanda har vorte til ei form. Flytande bronse fylles i forma. Når skulpturen er avkjølt og tatt ut er sandforma ødelagt og skulpturen kan med denne teknikken støypast berre ei gong. Denne ugla er såleis støypt etter gamal mal og er heilt unik.

Skulptur med ugle av bronse

I min verden, som på denne tida var av jord og stein (sjå Før og no i Bakvendtland), var det godt å ha nokre innslag av estetiske oppturar innandørs.

Eg har eit spesielt forhold til denne skulpturen:
Ingeborg Riseng er ein flott kunstnar eg kjenner frå tida mi i Galleri Osebro. Ho er best kjent som smykkekunstnar (eg vil vise smykker seinare), denne gongen skulle ho ha separatutstilling og ho hadde med seg mange flotte skulpturar. Mange av dei var reine skulpturar, andre var eit slags smykkeskrin, der toppen kunne vera anhenget..

Ingebord Riseng, skulptur

Dette bildet rappa eg frå nettet…

Skulptur med ugle av bronse

Men eg falt totalt for denne….Den vart ikkje solgt, vart til og med verande att i galleriet ei god stund, men til slutt måtte eg levere den tilbake. Det er jo slik det skal vera, den ville kanskje bli solgt i eit anna galleri. Eg gløymte bort ugleskulpturen, nesten. Det gikk vinter og vår og me fekk nye arbeider frå Ingeborg.

Plutselig dukka ugla mi opp att….

Bronseugle i speil

Kva hadde skjedd? Eit uhell sa Ingeborg, ugla hadde knekt av i toppen av skulpturen. Ei katastrofe, syntes eg. Men her har ugla kome inn i ein meir humoristisk setting. Det var flott, effekten av å sjå heile skulpturen på ei gong var interessant. Men for meg nådde ikkje denne varianten opp mot den forrige.

Dette er eit anna konsept ho arbeider med; skrap og skrot frå kontainerar, det meste av det eg har sett har vore treverk. Dette pussar ho og klargjer til lakkering hjå ein billakkerer, skulpturar og anna ornamentering blir montert på gjenstandene. Som denne:

Ingeborg Riseng, skulptur

 

Utstillinga solgte til gull, men atter ei gong vart ugla verande. (Nei, eg trur ikkje på skjebnen)

Så gikk det vinter og vår igjen og me skulle laga sommarutstilling i Stavern. Me ville ha med oss Ingeborg. Eg kom til å spørje om ugla. Har du den enda? Vart den opprinnelege sokkelen ødelagt? Kan den reparerast? Kan du ta den med til Stavern? Da var det jo avgjort da….

Ingeborg Riseng med skulptur

Her er Ingeborg på plass i utstillingslokalene i Stavern. Ugla hadde berre løsna frå toppen og ingenting var skada. Eg var strålande fornøgd, det var ein god dag. Ingeborg pussa den svarte gipsen med ei tørr fille, då var overflata glinsande silkematt. Eg skulle egentlig vente med å vise fram denne skulpturen til den var plassert på beste plass. Men så lenge kan eg ikkje vente. Eg har ein plan om å bygge ein peis som passar til å presentere ein skulptur, men er veldig redd for at det blir harry. Eg vil at den skal stå så høgt at du må gløtte litt opp mot ugla, men blir det for høgt? Veldig vanskelig dette her.

Peis og interiør

Denne peisen, med ei kortare hette er utgangspunktet. (Men så er det Kjell da, som ikkje synes det er nødvendig med peis: Vi har varmepumpe!)

 

 

 

Del gjerne:

Leave a Reply Cancel reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Velkommen til Villa Solstua i Porsgrunn. Vi som bor her er Tone Oppsato, Kjell Jeilen og sønnen vår Jakob, Frøydis har flytta ut. Den staselige sveitservillaen som ble bygd i 1890-åra hadde et stort behov for oppgradering da vi ble eiere i 1994. Det gamle trehuset skulle bli et utrolig krevende prosjekt, men det visste vi heldigvis ikke den gangen. Det er en lang historie og den vil jeg fortelle her.

Hilsen Tone

Archives

Det siste fra bloggen:

Skatoll i senrenessanse stil

Skatoll i senrenessanse stil

Sjabloner på den gamle brannmuren

Sjabloner på den gamle brannmuren

Eldre kobberlamper i dansk design

Eldre kobberlamper i dansk design

Heimdal, gnr. 36 bnr. 3. Frå Aal Bygdesoge

Heimdal, gnr. 36 bnr. 3. Frå Aal Bygdesoge

Hellegang av naturstein

Hellegang av naturstein

Hjemmelaget rosebue

Hjemmelaget rosebue

Instagram:

Load More...
Følg meg på Instagram
1930 – åra

1930 – åra

Villa Solstua 1994

Villa Solstua 1994

Copyright © 2018 · Darling theme by Restored 316