Ein veldig fin sokkel søkte ein skulptur
Den var laga av Ingeborg Riseng til ei smykkeutstilling, men eg kjøpte den og tenkte: ein dag skal eg
finne ein skulptur flott nok. Foten er dekka av eit fotografi av blomar. Denne blomen var inspirasjon
til den skulpturelle ringen som var på toppen av søyla under utstillinga som var den gongen i Galleri
Osebro. Nokon andre kjøpte ringen.
Fleire år seinare møtte eg Tuva Gonsholt og hennar utruleg flotte glaskunst, blandt anna skulpturene
So Long (foto Tom Riis). Og etter long time skjønte eg at Tuva måtte lage ein black So Long til meg,
og det ville ho.
JIPPI! No står det att å sjå kor mange år eg brukar på å finne ut kor desse to skal stå?
Eg kan ikkje presentere eit skikkeleg bilete før eg har funne ut av det…
Leave a Reply