Slette, Liagardane
Julefeiringa i 2013 gikk føre seg i riktige julekulisser her i Slette, hjå foreldra mine på Ål. Denne gamle husmanns-plassen høyrde til garden Jorde fram til omkring 1900, då min tippoldefar Botolv gjekk konkurs og måtte gå ifrå garden. Han flytte då hit med sin familie, m.a. sønnen Ole, som gifta seg med Margit, som var odelsdatter på Opsata nordre, garden eg kjem ifrå. Mine foreldre kjøpte denne husmannsplassen i 1986 og sette i stand alle bygningane.
Her er det lagt nytt planketak. Innvendig i vevstua er det snekra veggfaste senger.
Låven er gjort om til verkstad og gjesterom, i stabburet er det matlagring. Skigarden er ny og laga på riktigmåten. Innerst i biletet ligg ein annan idyllisk husmannsplass.
Den gamle tømmerstugu vart bygd på i høgden, breidda og lengda for å kunne tillpassast dagens boligkrav. Arkitekten var Lise Laa fra Ål. Slette vart leid ut som feriestad i mange år før foreldra mine flytte hit som pensjonister.
For å få meir stueplass og meir utsikt innanfrå vart avgjerda omsider tatt for eit par år sidan, den “nye” delen av huset skulle utvidast, igjen. Då var det debatt i familien.
Flott utsikt mot Sundre, som er sentrum i Ål.
Garasjen er av nyare dato og var først enkel, vart etterkvart dobbel. Veggkledningen er gamle plankebord frå ein eller annan nedfalls bygning.
Dørene på eigendomen skulle målast og dei skulle være grøne, men kva grønfarge? Den beste løysinga mor min fann var eit løvetannblad som fargeprøve, det dugde. Etter eitt strøk tok ho heldigvis eit overblikk og slo fast; dette er den overflata eg vil ha. Så vart det med det eine strøket.
Eg synest overflatene og farga på desse dørene er utrolig flotte.
[…] Dette fører til at mange avsidesliggande husmannsplassar blir oppgraderte og bebodde… Sjå Slette i Liagardane. […]