Heimdal Pix Camp
Vidløftige dagdraumar eller ein idè med framtid?
Då eg i 2012 arva denne vesle husmannsplassen fekk eg ganske raskt eit dimt blikk og eg svara i hytt og pine både på jobb og heime. Etter ei stund hadde eg laga ein plan for Heimdal som såg omtrent slik ut:
Konseptet:
– lågbudsjett boeiningar for vaksne som lever åleine
– eigne boareal og fellesrom i kombinasjon
– vedfyrte boeiningar, tilrettelagt for minimalt strømforbruk
– veggfast møblering i boeiningane, godt tilrettelagt for arbeid med PC
– fellesrom for dusj/wc, tørkerom/lagring, kjøkken og sosialt fellesskap
– internett med god kapasitet i fellesrom og i boeiningar
– godt oppdatert teknologisk utstyr i fellesrom – nærhet til offentlige transportmidler (buss/tog)
– 2 vanlige leiligheter over 2 etasjer i hovedhuset.
Hovedhuset har to leiligheter i god stand. Det er åpent kva funksjon huset skulle ha i dette konseptet.
Dei to leilighetene kunne sjølvsagt vera integrert i fellesskapet.
Men den viktigaste bygningen er låven:
Nord før….
…og etter.
Vest før..
…og etter.
1. etasje:
– stort inngangsparti med mulighet for lagring og tørking
– skiferfliser med varme i heile 1 etasje bortsett frå dei to garasjene (til høgre i bygget).
– 2 dusjer og 2 toalett
– felleskjøkken med vedfyrt komfyr (kombi) og stor spiseplass.
Ein stor platting og skyvedør gjer at ein kan flytte enkle klappstolar og bordplate (på bordbukkar) ut og dekke opp ute. (at R7 ligg 5 meter bortanfor er ikkje med i denne visjonen her).
På ekstra fine kveldar, kan ein ta med seg heile festlyden borti furulunden….
…ein liten skog som eg har rett bortanfor som er litt glissen her fordi dette er tidleg i mai…
…og mine leietakerar er kreative og vel forlikte, dessutan trives dei så godt at det støtt finn stad påhitt av det sosiale og festlige slaget rundt omkring på eigendommen.
For å koma til 2. etasje i låven må du velge mellom 2 trapper innerst i rommet som går til kvar si side:
Du kjem opp bak fellesrommet og kan gå til 1 boeining til høgre eller 2 til venstre.
I midten med utsikt gjennom det som var låvedøra er fellesrommet. Her er det ein ildstad midt i rommet med mulighet for koking. Eg er nok litt ekstra langt ute på sidelinja her, kvar dei gjer av røyken i eit slikt rom som dette skulle eg likt å vite. Men kult er det…
Låvebrua blir rive og dørene erstattamed skyvedører i glass.
Men det originale låvegolvet skal berre skurast. Veggfaste benkar med puter og spesiallagde hengekøyer gjer rommet egna for felles overnatting (del 2)
Planoversikt 1. etasje:
Planoversikt 2. etasje:
Leietakerane bur smått, men godt. Dei blir varma opp med ved:
Både hyttene og romma får vedovnar, slik kan dei styre forbruket av straum. Dette er den finaste ovnen synest eg, den minste Jøtulen med kokeplate. Det blir vel skrekkelig varmt inne, hvis du skal koke noko meir enn kaffi.
Men eg får vel bruke av det eg har, desse her står klare til å få ein ny vår.
Det eldste stabburet, to boeiningar her. Felles inngang og ein svalgang med to dører innanfor.
Litt begrensa med vindauge, eit lite på kvar side. Dette huset er verna så her er det ikkje snakk om å skjæra i tømmeret.
Eldhuset, her er det plass til ein. Ny pipe og brannmur vart sett opp her etter eit branntilløp.
Her passar det med den høge koksovnen trur eg.
Nyare stabbur. Her er det godt isolert og det er nok med ein liten ovn, kanskje med utvendig pipe?
Så gjeld det å montere sov/fyr/jobb/kvil på mest muleg triveleg og praktisk vis.
Men det artigaste er hengekøyene som hører til kvar hytte/rom:
Dette er ein mini-modell;
Hengekøyene vil bli laga av kasserte strikkeplagg (genserar) og utrangert seilduk.
Dei skal lagast etter ei enkel oppskrift utan glidelåser, trykknappar eller borrelås.
Solide snorer i seilduken går gjennom åpningar i sammenføyingane mellom strikkelappane.
– strikkeplagga vaskast i maskin slik at dei blir tett tova.
– plagga blir klypt opp i kvadrat som syast saman til eit lappeteppe, det blir sydd løkker langs midten og langs ytterkantane.
– seilduken blir klypt til og det blir sydd løpegang i endane.
– det blir sydd knyteband fast i seilduken, desse skal knytast til løkkene i ullteppet.
– eit langt tau går gjennom løpegangane.
Ullteppet åleine kan og brukast som golvteppe i hytta. Det er svært stabilt og solid og kan vaskast i maskin.
Her ligg Petter i hytta si og slapper av etter ein lengre skitur frå Hemsedal til Åsetno. Han treng ein liten kvil før han skal treffe dei andre til felles middag i låven, der Baccalaoen putrer i gryta.
Han tek hengekøya under armen og tusler bort til låven. Her hekter han køya fast til krokar langs benkane slik at den blir eit slags sofatrekk som ikkje glir ned. På benkane ligg det frå før tynne madrassar som er trekt med slitesterkt, vatnavvisande tekstil.
Etter å ha ete og drukke lenge og vel, er Petter så trøytt at han ikkje orkar å gå tilbake til hytta si.
Han løsnar dei øvste festene, knyter hengekøya sammen i sidene og…ZZZZZ
(Han kunne ha hengt køya si i ein av dei to hjørnene der det er krokar til formålet…..men der var det opptatt).
Byggetrinn 2: Enkelrum
Når det vesle samfunnet fungerer som smurt: alle er veltilpassa, ingen konflikter, ingen vil flytte, ingen seine husleier…..Då er det på tide å utvide, for eg har jo ein heil skog (eller furulund) og eit heilt jorde (ein myrflekk)….
….då set eg opp ein ny fellesbygning på jordflekken min og plasserer 4-6 enkelrum vel gjennomtenkt rundt omkring. Dei er vinterisolerte og tilkobla strøm. Om det kan installerast vedfyring her er eg ikkje sikker på.
Dei er lette å frakte. Frå Sverige på trailer, 2 i slengen.
Byggetrinn 2: Free Spirit Spheres
Når så dette konseptet også er veletablert og etter kort tid går som smurt, tek eg ein telefon til Vancouver og bestiller
2 stk Eve:
Desse trehyttene er laga av ein tidlegare båtbyggar, dei er vinterisolerte og tilkobla strøm.
Innredninga er kompakt og løysingsorientert, som i ein båt eller campingvogn, og det fine håndverket synes i alle detaljer. Eg anbefaler alle å la seg underhalde på nettsidene til Free Spirit Spheres.
Og tenk kor moro det blir å køyre forbi furuskogen min, som no ser slik ut….
….når den ser slik ut:
(og, som sagt, dette biletet er tatt i mai. Skogen er litt tettare utpå sommaren).
Ideane og bildene som er presentert her er beskytta etter vanlege reglar om opphavsrett.
Leave a Reply