Heimdal Pix Camp, del 1
Enkelte held sine vidløftige dagdraumar for seg sølv…
…men eg bryr meg ikkje så mykje om realitetsvurdering og har stor sans for deling:
Då eg i 2012 arva denne vesle husmannsplassen fekk eg ganske raskt eit dimt blikk og eg svara i hytt og pine både på jobb
og heime. Etter ei stund hadde eg laga ein plan for Heimdal som såg omtrent slik ut:
Presentasjon av konseptet
– lågbudsjett boeiningar for vaksne som lever åleine
– eigne boareal og fellesrom i kombinasjon
– vedfyrte boeiningar, tilrettelagt for minimalt strømforbruk
– veggfast møblering i boeiningane, godt tilrettelagt for arbeid med PC
– fellesrom for dusj/wc, tørkerom/lagring, kjøkken og sosialt fellesskap
– internett med god kapasitet i fellesrom og i boeiningar
– godt oppdatert teknologisk utstyr i fellesrom – nærhet til offentlige transportmidler (buss/tog)
– 2 vanlige leiligheter over 2 etasjer i hovedhuset.
Hovedhuset har to leiligheter i god stand. Det er åpent kva funksjon huset skulle ha i dette konseptet.
Dei to leilighetene kunne sjølvsagt vera integrert i fellesskapet.
Men den viktigaste bygningen er låven:
Nord før….
…og etter.
Vest før..
…og etter.
1. etasje:
– stort inngangsparti med mulighet for lagring og tørking
– skiferfliser med varme i heile 1 etasje bortsett frå dei to garasjene (til høgre i bygget).
– 2 dusjer og 2 toalett
– felleskjøkken med vedfyrt komfyr (kombi) og stor spiseplass.
Ein stor platting og skyvedør gjer at ein kan flytte enkle klappstolar og bordplate (på bordbukkar) ut og dekke opp ute.
(at R7 ligg 5 meter bortanfor er ikkje med i denne visjonen her).
På ekstra fine kveldar, kan ein ta med seg heile festlyden borti furulunden….
…ein liten skog som eg har rett bortanfor som er litt glissen her fordi dette er tidleg i mai…
…og mine leietakerar er kreative og vel forlikte, dessutan trives dei så godt at det støtt finn stad påhitt av det sosiale
og festlige slaget rundt omkring på eigendommen.
For å koma til 2. etasje i låven må du velge mellom 2 trapper innerst i rommet som går til kvar si side:
Du kjem opp bak fellesrommet og kan gå til 1 boeining til høgre eller 2 til venstre.
I midten med utsikt gjennom det som var låvedøra er fellesrommet. Her er det ein ildstad midt i rommet med mulighet for
koking. Eg er nok litt ekstra langt ute på sidelinja her, kvar dei gjer av røyken i eit slikt rom som dette skulle eg likt å vite.
Men kult er det…
Låvebrua blir rive og dørene erstattamed skyvedører i glass.
Men det originale låvegolvet skal berre skurast.
Veggfaste benkar med puter og spesiallagde hengekøyer gjer rommet egna for felles overnatting (del 2)
Planoversikt 1. etasje:
Planoversikt 2. etasje:
I Heimdal Pix Camp,del 2 får du lese om korleis det var meininga at desse leietakerane skulle bo, hengekøyene og dei kule kulene…
Leave a Reply